SUNNIVALEIA FELLESVANDRINGAR 2010
Informasjon for påmelding:
Det vert for første gong arrangert vandring langs Sunnivaleia i 2010.
Les om arrangementet i 2009 nederst.
Arrangør: Sunnivaleia
SUNNIVALEIA – PILEGRIMSLEI OVER SJØ OG LAND
Sunnivaleias rute frå Kinn til Selja
Sunnivaleia er ei ny pilegrimslei mellom desse to øyane. Ruta vil gå omlag slik: Kinn, Florø, Smørhamn, Frøysjøen til Måløy og til Selje og ut til Selja. På sikt skal ho ha ei forlengjing frå Selja og ut til Ervik på ytste Stadt.
Av naturlege grunnar er ikkje leia gangande til fots frå ende til annan. Strekningar over sjøen skal føregå med offentleg kommunikasjon, rutebåt og ferje. Ein går heile leia på ei lita veke.
Legenda om Sunniva
Legenda om den fromme irske prinsessa Sunniva som la ut på havet i båt utan segl og årar for å koma unna ein heidensk friar, og som så rak i land på øya Selja tett ved Stadhavet, er ei grunnforteljing i Vestlandet si kultur– og kyrkjehistorie.
Olav Tryggvason utropte Selja som ein heilag stad alt i 996, og då Noreg vart oppdelt i tre bispedømme i år 1068, var det Nidaros, Oslo og Selje. På 1100–talet kom det eit benediktinarkloster på Selja. Ruinane er til dels restaurerte, og har mange besøkjande kvart år. Riksantikvaren er for tida tungt inne med midlar for å finna ut av både klosterruinane og heile Selja–øya si historie.